PhD-prosjekt, Trond Erlien

Eg vart tilsett som stipendiat ved Høgskulen i Sogn og fjordane (HSF) i august 2009 for å arbeide med eit doktorgradsprosjekt som har arbeidstittelen “Faglighetens forming: Mellom praksiskunnskap og vitenskapelige disipliner nasjonale strategier og lokale tilpasninger (Ca. 1970-2010).” Her følgjar ei kortfatta presentasjon av prosjektet.

Prosjektskissa vart skrive med utgangspunkt i hovudmålet i utlysningsteksten frå HSF, som var “å styrkje kunnskapsgrunnlaget for praktisk profesjonsutøving og forskingsområda knytte til profesjonsutdanning ved høgskulen”. Med basis i mitt fag – historie – er prosjektet derfor designa som ei komparativ historisk undersøking av to av profesjonsutdanningane ein finn ved HSF: Sjukepleieutdanninga ved avdeling for helsefag og sosionomutdanninga ved avdeling for samfunnsfag. Den overordna problemstillinga for prosjektet er: Hvordan formes profesjonenes faglighet, i skjæringspunktet mellom utdanning, yrke og profesjonens egne strategier, og mellom nasjonale reguleringer og lokale og vitenskapelig-disiplinære tilpasninger?

Prosjektet er såleis retta mot å forstå korleis ein profesjons særeigne “faglegheit” formast av utdanning og praksis, og korleis ulike føringar på ulike nivå formar utdanninga. Undersøkingsområdet famnar såleis to overordna analytiske nivå:

  1. Eit nasjonalt politisk nivå, kor dei ordnande prinsippa for utdanning og yrkesutøving for “velferdsstatens profesjonar” vert knesett gjennom lovar, forskrifter og retningsliner, som eit resultat av ulike politiske interesser, profesjonsorganisasjonar og andre interessegrupper.
  2. Eit lokalt institusjonelt nivå, kor den enkelte institusjon – og innanfor institusjonen det enkelte fagmiljø – tilpassar seg føringar lagt på nasjonalt nivå.

Prosjektet har ein “dobbel” komparativ ambisjon, då det ikkje berre vil samanlikne to utdanningar, men og to utdanningar ved to ulike utdanningsinstitusjonar: HSF og Høgskulen i Bergen. Prosjektet kan seiast motivert ut frå tre dilemma eller paradoks:

  1. Eit styringsparadoks innanfor velferdsstaten: Ut frå effektivitetsomsyn vert arbeidsdelinga innanfor ein ekspanderande velferdsstat organisert ut frå ei “profesjonell arbeidsdeling”, kor yrkesutøvarane – som dei som i siste instans sett i verk den nasjonale politikken – løyser oppgåver basert på fagleg skjønn. Ut frå eit demokratiomsyn vert dette sett på som problematisk, då de kan vere i strid med prinsipp om transparens i forvaltninga av samfunnets ressursar, og det verkar å skape behov for kontroll med utdanning og yrkesutøving.
  2. Praksisgapet visar til spenninga mellom praktisk og teoretisk kunnskap i dei ulike profesjonsutdanningane. Historisk har utdanningane utvikla seg, særleg frå 1970-talet,  i retning av å verte meir teoretisk og akademisk. Internt i profesjonane vert det stilt spørsmål ved om ein distanserar seg frå sitt opphav, og samstundes peikar forskinga på at det verkar å finnast eit gap mellom kva kunnskap som vert etterspurt i praksis, og kva kunnskap som vert bydd studentane gjennom utdanning.
  3. Nasjonale mål om standardisering av utdanningane har, særleg sidan 1980-talet , vorte institusjonaliserte gjennom lovar og forskrifter. Samtidig synar forsking at det finst store variasjonar, på lokalt nivå, med omsyn til kva dei ulike utdanningane inneheld.

Historisk har utdanninga av både sjukepleiarar og sosialarbeidarar (sosionomar er ein noko nyare yrkestittel – men dei vert ofte nytta synonymt med sosialt arbeid) røter tilbake til 1800-talet. Men forsøk på samordning frå nasjonalt politisk hald finn ein fyrst i etterkrigstida, og det er særleg frå 1970-talet at nasjonale politiske samordnings- og standardiseringsambisjonar vert synlege i stort mon. Prosjektet byrjar derfor med å sjå på korleis desse initiativa tok form frå og med ca 1970, og søkjer å følgje problematikken fram til notid.

Vil du lese meir om prosjektet mitt kan du sjå på prosjektskissa (pdf) eg nytta for å bli tatt opp som phd-student ved Universitetet i Bergen. Den er noko utdatert i forhold til korleis prosjektet mitt har tatt form etter kvart, men tenar framleis til å utdjupe sider ved prosjektet. Ikkje minst kan du følgja med på Historiebloggen. Dei neste åra vil eg nytta bloggen til å leggja ut utkast til paper og bitar av avhandlinga etter kvart som den tar form, kjelder eg finn interessante og spørsmål eg gjerne vil diskutera.

0 Responses to “PhD-prosjekt, Trond Erlien”


  • No Comments

Leave a Reply