Historieseminaret: Geografifaget 1885-1940

Per Jarle Sætre: “Geografi eller kaos. Den tidlige utvikling av skolefaget geografi. Om geografididaktikk 1885 – 1940″

Tid: Fredag 27. april kl 13.15-14.00.

Stad: Kulturhuset i Sogndal, møterommet i 2. høgda (ASF)

På seminaret vil Per Jarle Sætre, dosent i geografi ved HiSF, presentera ein artikkelutkast om emnet.

Tekst til seminaret

Historieseminaret er ein del av ASF sitt FoU-seminar. Det er ope for alle, både HSF-tilsette og eksterne deltakarar.

Vel møtt!

Historieseminaret: Fiskeribyen Florø – ein fisk på land i fjordfylket?

Tid: Fredag 13. april kl 13.15-15.00.

Stad: Kulturhuset i Sogndal, møterommet i 2. høgda (ASF)

På seminaret vil historikar Gaute Losnegård, Askvoll, presentera utkast til eit kapittel i soga om Flora som han er engasjert av Flora kommune for å skriva. Dei to kapitla han legg fram, er frå bolken om perioden 1800-1860.

Tekst til seminaret: Del 5 1800-1860, utdrag med delkapitla “Reis til Kinn og bli rik” (s. 1-26) og “Florø by – ‘et Experiment, som ialfald ingen Ulykke kan gjøre’” (s. 71-81) (ikkje lenger tilgjengeleg)

Kommentar ved Anders Timberlid, HiSF.

Historieseminaret er ein del av ASF sitt FoU-seminar. Det er ope for alle, både HSF-tilsette og eksterne deltakarar.

HIFO-årsmøte

Kl 15.00-16.00 vert det årsmøte i HIFO Sogn og Fjordane same stad.

Vel møtt!

Hyllestadseminaret 14.-15. april

14.-15. april 2012 er det klart for det årvisse Hyllestadseminaret i Leirvik, som vanleg med eit sterkt program. Påmeldingsfristen er 31. mars.

Programmet finn du her (pdf)

Ulrike Spring: Between Spectacle and Science

Tid: Fredag 17. februar kl 13.15-15.00.

Stad: Kulturhuset, møterommet i 2. høgda (ASF)

På seminaret vil Ulrike Spring, førsteamanuensis i historie ved ASF, HiSF, presentera utkast til artikkelen ”Between Spectacle and Science: The Northern Lights in Central European Popular Discourse (1870s)”

Tekst til seminaret: ligg i Fronter (under ASF), eller kontakt Ulrike (ulrike.spring (a) hisf.no)

Historieseminaret er ein del av ASF sitt FoU-seminar. Det er ope for alle, både HSF-tilsette og eksterne deltakarar.

Vel møtt!

BOKMELDING: Verden – En begrepshistorie.

Les meldingen min av boken Verden, i serien Begreper i historien, på nettstedet salongen.no.

Anders Timberlid: Godseigar og undersåttar i Kaupanger 1650-1950

Tid: Fredag 3. februar kl 13.15-15.00.

Stad: Kulturhuset, møterommet i 2. høgda (ASF)

På seminaret vil Anders Timberlid, førsteamanuensis i historie ved ASF, HiSF, presentera eit kapittelutkast til bygdebok for Kaupanger.

Tekst til seminaret (pdf)

Historieseminaret er ein del av ASF sitt FoU-seminar. Det er ope for alle, både HSF-tilsette og eksterne deltakarar.

Vel møtt!

Historieseminaret i gang att

Vårsemesteret 2012 tek me opp att historieseminaret som før har gått med ujamne mellomrom. Tre seminarinnslag og datoar er så langt klare. Sjå program og informasjon. Kvart seminar vert særskilt kunngjort her, på nettsidene til HiSF og på e-post.

Ulrike Spring tilsett som ny historikar

Den 3. januar hadde me gleda av å ynskje Ulrike Spring velkomen til sin fyrste arbeidsdag som førsteamanuensis i historie ved HiSF. Ho har teke til i fagstillinga som vart ledig etter at Rasmus Sunde gjekk av med pensjon i 2011. Ulrike er frå austerrike og har budd i Tromsø i ei årrekkje. Les meir om Ulrike her.

Fylkeshistoria – ledig stilling og ny nettside

Eit mellombels engasjement (3 årsverk) som forfattar av band 4 for “Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane” er no utlyst. Søknadsfristen er 6. januar 2012, sjå fullstendig utlysingstekst (jobbnorge.no).

den mellombels prosjektsida for fylkeshistoria ligg omtale av prosjektet og sentrale dokument.

Ledig historikarstilling

Me treng folk, og det er no lyst ut ei fagstilling i historie ved HSF (fast, 100%) frå 1.8.2011. Det er den fyrste faste historikarstillinga som er lyst ut sidan 2007. Sprei gjerne meldinga til nokon du trur kan vera interessert! Søknadsfrist 28. mars.

Sjå fullstendig stillingslysing.